Velkomne til nasjonalt
Lefseting 2025
Voss 31.3. – 2.4. 2025
Me vil med dette ynskje velkomen til nasjonalt lefseting i Noreg.
Fyrste lefsetinget vert på Voss frå 31.03.25 – 02.04.25. Det har ein naturleg samanheng med at ei av dei fyrste dokumentera bekkekvernane var frå Bleie i Hardanger.
Målet vårt med lefsetinget er å samle alle som har eit meir eller mindre lidenskapleg tilhøve til lefse.

Bodil Nordjore
Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Ut elit tellus, luctus nec ullamcorper mattis, pulvinar dapibus leo.

Guttorm Rogdaberg
Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Ut elit tellus, luctus nec ullamcorper mattis, pulvinar dapibus leo.

Linda Eide
Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Ut elit tellus, luctus nec ullamcorper mattis, pulvinar dapibus leo.
Alle som har lefsebaking som levebrød, vil koma i gang med lefsebaking, vil selje lefser eller har ei unik interesse for å formidle kunnskap og tradisjon om lefsebaking.
Me vil på dette lefsetinget halde kurs, inspirere, fylle på med kunnskap, lage ein inkluderande møtestad for å halde lefsetradisjonane levande for komande generasjonar.
Me vil dele dei gode smakane, mangfaldet i landet og synleggjera meirverdien av den lokale stoltheita lefsa har i landet vårt. Den kulturelle kvinnelege kapitalen.
Taus kunnskap, handlag, prestisje og stoltheit er nokre døme på kva lefsa har av status i dag.
Me kjenner at denne tradisjonen og kunnskapen har ein verdi utover seg sjølv, det er difor viktig for oss å samle, etablere og utvikle eit lefsemiljø som er tufta på eldre tradisjonar, men som skal vera mogeleg å vidareføre med den teknologien me har i dag. Me ser det i alle høgtider og livsriter at takkebakst står støtt og høgt i kurs. Mat med tid.
Det vil bli utstilling og sal av kjevle, bakstefløyg, takke og stettefat, og sjølvsagt sal av mykje gode lefser.
Program
Oppmøtekveld – 30. mars 2025
18.00 Velkomne med kveldsmat og presentasjon, litt å bite i.
Dag 1 – 31. mars 2025
31.3.25 – Stad kjem
08.00 – 13.00 kurs med ulike innhald
- Kurs 1: Flatbrødkurs – Bodil Nordjore
- Kurs 2: Emballasje
- Kurs 3: Næringsbereikning/ varedeklarasjon
13.15 – Dugurd
14.00 – 16.00 Oppsummering frå kursa i plenum. Lause møte, og sal av produksjonsutstyr. Møte mellom ulike produsentar.
20.00 – Felles måltid med kulturprogram
stad kjem
Dag 2 – 1. april 2025
1.4.24 – Stad kjem
09.00 Start med introduksjon av ordstyrar for dagen
09.30 Lefsehistoria i eit historisk perspektiv
Bodil Nordjore
09.45 Historia til krotekaka
Guttorm Rogdaberg
10.30 Teknisk utvikling frå open eld til elektrisk takke
Meteor
11.00 Kaffe og lefsebit
11.30 Dialogmøte om råvarene. Smør, fløyte, mjølk, mjøl og rjome. Løyndomen for å få gode lefser?
13.00 Dugurd med lokal mat
14.00 Stasjonsdemo av ulike fyll/ smurning til lefsene.
16.00 Pakking og emballering
20.00 Felles middag
Linda Eide med forførande kåseri om lefse – Stad kjem
Bakstedeiene, budeiene, svigermor?
Dag 3 – 2. mars 2025
stad kjem
09.30 – 11.30 Kurs i potetlefsebaking
Bodil Nordjore
Kl. 12.00 – Dugurd
Oppsummering og heimreise.
Vel heim.